Luster
Familiemøte
Dette er oss i korte trekk…
Luster Familemøte er ein kristen forsamling tilknytt Norsk Luthersk Misjonssamband. På Luster Familiemøte vil du møte frisk lovsang, søndagsskule for dei yngste, frie vitnemål og ein givande andakt. Etter møta samlast med til hyggeleg felleskap med prat, kaffi og noko å bite i.
Luster Familiemøte er ein plass for borna, for dei vaksne og for dei eldre. Det er ein plass for einslige, små og store familiar. Alle er hjarteleg velkomne til oss.
Luster Familiemøte er eit supplement til andre kristne arrangement i kommunen. I tillegg ynskjer me å vere eit samlingspunkt for mindre forsamlingar.
Søndagar
i Gaupne Bedehus
Kontakt oss gjerne på post@lusterfamilie.no
”Av og til er det kjekt å vera fleire!”
Luster Familiemøte vart skipa i november 2007. I året som gjekk vart det arrangert møte i snitt kvar tredje søndag. Møta blir arrangert i Gaupne Bedehus. Me tykkjer det er viktig å ha ein møteplass der alle aldersgrupper kan samlast på ein gong. Me har gleda oss over at folk frå både kommunen og nabokommunar har delteke. På Luster Familiemøte samlast me over soknegrenser til åndeleg og sosialt fellesskap. Me tykkjer det er flott at borna får bli kjende med nye gjennom søndagsskulen.
Vil du vera med?
Me som arrangerer møta har fordelt oss i 5 grupper. Møteleiingsgruppa har ansvar for ma. møteleiing og skaffe talarar. Teknikkgruppa har ansvar for lyd, bilde og markedsføring. Song- og musikkgruppa har ansvar for sangval, forsang og musikk. Utviklingsgruppa tek ansvar for å setje ut stolar, spørje om hjelp til kakebaking, oppussing av bedehuset og liknande. Søndagsskulegruppa er organisert av NLM sin barne- og ungdomsarbeidar på Lyngmo. Gruppa tek ansvar for søndagsskulen med ei gruppe opp til 7 år og ei gruppe eldre enn 7 år.
Barnekor og ungdomskveldar
I tillegg til å arrangere familiemøte søndagane, står ein del av oss bak barnekor og ungdomskveldar i Gaupne Bedehus. Barnekoret er annakvar måndag kl. 17.30-18.30 for born 4 år og eldre.
Annakvar fredag kl. 19.30 er det ungdomkveld "Kristen Ungdom Luster" (KUL) for dei som går på ungdomsskulen. Det startar med ballaktivitetar i gymsalen ved ungdomsskulen, deretter er mat, prat, andakt og leik i bedehuset.
Det er plass til deg og me håpar du vil bli med oss. Me ynskjer at nådegåvene skal få rom og plass i Luster Familiemøte og me ynskjer at du skal vera med å utvikla oss vidare.